onsdag, mai 16, 2007

Hekleteppe ferdig...

Hei igjen! Det skjer så mykje rundt meg no at eg klarar ikkje oppdater bloggen slik eg vil. Eg har ei jente som ikkje er frisk, og eg går rundt å vaggar og er høggravid.... men hekleteppet som var lappana eg har teke bilete av, det er ferdig for lengst! Difor må eg berre legge det inn fyrst. Det vart ikkje så stort som eg ville, men eg har rett og slett ikkje tolmodigheit til å lage det større! Blir fort kjedeleg å bruke dei same fargane...men eg synes det vart fint. Kanskje det er akkurat stort nok til å bruke som vognteppe?





Men eg sa eg hadde hekledilla..... eg har igrunnen ein del tepper no.....



Og her er eit til....

Som du ser så kan eg berre hekle "bestemorruter"....men dei er fine dei. Fargane eg har brukt i dei to siste er ganske tilfeldig, for sidan teppa vart litt store, måtte jo garnet vera litt billegare....og då hadde dei ikkje så mykje å velga i. Men neste gong skal eg hekle noko anna....har tenkt litt på tøfler....me får sjå...





Ingen kommentarer: