onsdag, november 21, 2007

Adventsposer og kremmerhus

Har laga nokre små søte kremmerhus av papir eg kjøpte på Nordhjem.dk ein gong i tida...og adventsposane er klare med små englar på i år...

Eg har kome langt med innkjøp av pakker til jul òg! ...er faktisk blitt ein reser i netthandling! Alle pakker til no er handla på nett (trur postdama er litt lei av å kome på døra her no....)! Utruleg enkelt og faktisk ganske koseleg...sitte på ein søndagsettermiddag med kaffikoppen og "kikke i butikkar", saman med mannen i huset... og for ein ro og fred! Neste gong eg skal til By`n skal eg berre kose meg og småhandle saker og ting til ungane og huset for morro skyld, så har me kanskje tid til eit kafebesøk òg i førjulstida...

Haugen veks...
Litt ymse med den innpakkinga i år...klarar liksom ikkje heilt bestemme meg kva eg går for...her er prikkar, mønster, brunt, rosa og ein litt rar turkis farge...men alt treng vel ikkje alltid vera så veldig likt og harmonisk....?

Ingen kommentarer: