søndag, januar 18, 2009

I eit tidlegare innlegg hadde eg bilete av ein av spisestovestolane mine. Og vart oppmuntra til å ha eit innlegg om denne stolen...men kanskje helst om eg hadde fleire like..?? Det har eg altså ikkje, eg har TO spisestove-stolar, ein krakk...og ein lang benk på den andre sida. Det er som sagt ikkje heilt enkelt å skaffe seg møblar her i huset (haha). Men desse stolane har faktisk ei ganske spesiell historie....

Det er nokre år sidan stolane vart "mine". Eldstejenta var sånn rundt 10 år, og hadde det veldig kjekt med å vera i skogen, oppi ei enorm steinrøys (gamalt rasområde) der dei bygde hytte. Ho hadde ei veninna med seg og dei var ofte vekke heile dagen til mørke kvelden...
Ein dag måtte eg avgårde å leite etter dei, for dei vart så seine...Dei hadde fortalt sånn omtrent kvar dei var, og at dei hadde det sååå fint i hytta si, dei hadde møblar og all ting...Eg tok det med ei klype salt (hihi)...Men då eg kom opp i denne hytta, som viste seg å vera under ein enorm steinheller (!). var det både bøtter (av sink) og møblar der inne...for å gjera historia kort, ungane måtte flytte hytta si til ein tryggar stad, og mor fekk to "nye" flotte stolar!
Det høyres ut som eg har stjelt desse stolane...hmmm det trur eg ikkje, for ungane hadde funne dei der oppe i ura under andre steinar, saman med ein heil masse rusk. Eg reknar med at nokon har kasta dei der...
Det høyrer med til historia at eg sjølvsagt måtte utforske denne ura litt nærare...og fant 6 spisestovestolar til...men dei ligg der enno, under ein svær stein saman med litt gamle traktor-restar...eg tør ikkje hente dei under der.
Eg føler det som eg har redda desse flotte stolane frå den sikre møbel-død...om regnet og fukten hadde teke skikkeleg tak hadde dei ikkje vore til meir...
...snipp snapp snute...
Dei gjer iallefall nytten sin i dag! Solid gammalt handtverk er det...

10 kommentarer:

moa sa...

hei,hei..
så nydelige bilder du viser av stolene..det er noe eget med godt gammelt håndverk,ja..
fortsatt fin søndagskveld!
moaklem

mali-mo sa...

Åh, nydelige stoler med en flott historie. Sånt kan aldri kjøpes for penger! Akkurat de tingene er det iallfall jeg blir glad i, de som liksom har et eget liv og en historie ;) Fine bilder!

God ny uke til deg!

Monica sa...

nydelige stoler og en herlig historie og lese. det er jo det som er med gamle møbler at de bærer med seg noen historier!! :) De så kjempeflotte ut!! :)

Brit. (lille meg) sa...

Heldige du, som fant disse stolene!
De ble reddet, ja! Det skulle nok vært fint å ha de andre også, men det er ikke sikkert det er så lurt å gå inn der.....
Det er flotte stoler du har fått tak i.
Jeg har ingen spisestue, for det er det ikke plass til i mitt lille hus.Men jeg har et solid kjøkkenbord, som vi hadde med oss da vi kom flyttende hit. Vi hadde heller ikke maken stoler til dette bordet. Men nå, etter jeg kom hit, har jeg kjøpt 4 stoler til bordet. Så har jeg de 2 andre i reserve. De er ikke likedan, men det er jo greit som reserveløsning.......
Ha ei fin uke!:)

Haust sa...

Fantastisk bra! :D Godt du berga dei, for dei er heilt skjønne!

Ha ei god veke!

Rosa sa...

nydelege stolar, og så kjekt når dei har ei så spesiell historie!

Jannicke sa...

Slutter meg til de andre : Koselig historie om flotte stoler :o).
Ha en flott tirsdag ;o)

Unknown sa...

Vilken härlig stol!

mette sa...

hei:) tusen takk for kosli kommentar på bloggen min! og i l i k e måte: en utrolig fin blogg du har, s å masse fine ting, og masse inspirasjon å hente. jeg legger deg til i min bloggliste og:) og de stolene: n i c e !!!

Mia, New Room Interior sa...

Flotte spisestuestoler du har! Fint med litt av hvert rundt spisebordet! Liker bloggen din! Ha en fin helg! Klem-Mia