onsdag, april 08, 2009

Årets påsketur...

Det vart ikkje så mykje bloggtenking på hytta, så desse flotte bileta har faktisk eldstejenta teke. Synes dei tok så godt stemninga, der langt inne på fjellet...

Det eg ikkje har fortalt om hytta, er at det ikkje er innlagt vatn, ikkje strøm, ikkje mobildekning og doen er ut ei dør og inn ei anna...biodo som det så fint heiter (ikkje noko særleg å anbefale..hihi).

Men me fekk oss tre dagar oppe i herligheten. Og det gjer godt for kropp og sjel å kome så langt frå alt! Det einaste me har der oppe er delvis radiodekning...Difor står den berre på for å få med værmeldingane....(jodå, det er gasskomfyr og litt solcellepanel til ein leselampe og to...ikkje SÅ idyllisk med andre ord...haha)

Medan resten av familien køyrde scooter inn, så gjekk eg inn til hytta i år. Eller eg fekk litt dra-hjelp den fyrste bratte bakken...og då sparte eg ein time på turen. Men å gå slik åleine i stille snø, er herleg synes eg! Og ikkje minst er det godt når eg kjem fram, for då er hytta ferdig varm med fyr i ovnen...
No går dagane med til klipping av roser og ordning i bed og litt hekling...Så har eg kjøpt DEN fine lampen på bruktbutikk!! Den skal eg vise i neste innlegg...snart...so long!

5 kommentarer:

Den gode feen sa...

Så kjekt dette høyres ut. I ein jobb eg hadde før, reiste eg fleire gonger i året for å bu i ei slik hytte (feltstasjonen vår). Men den låg ved sjøen, og me var der berre på sommarstid. Men likevel - ganske så primitivt. Mobildekning hadde ein berre når ein stod oppå den høgste steinen. Eg syns det var herleg å reise inn der for 3-4 dagar, og dusjen ein tok når ein kom heim att var den beste av dei alle :)

Ha ei flott påske!

Brit. (lille meg) sa...

Det virker å være en idyllisk plass, dette!
Jeg eier ei seter sammen med min svigerfamilie. Der er det heller ikke vann og strøm. Det er gammeldags utedo der.
Men det er mobildekning. Det har det blitt de siste årene.
Fine bilder datra di har tatt.
Riktig god påske!:)

Jannicke sa...

Idyllisk,
og sikkert et sted hvor dere kan samle krefter og bare være sammen;o).

Kos dere videre i påsken. J.

Anonym sa...

Så herlig ferie dere må ha på hytta.Høres nydelig ut.Fortsatt god påske

mi-rachel sa...

hørtes enormt herlig ut.
jeg liker også å ha noen sånne dager med jevne mellomrom.