tysdag, september 15, 2009

Extrem-helg


Sidan det er fridagen min i morgo kan eg slappe litt av i kveld...Difor kjem ei oppdatering på helga som gjekk. Og det var akkurat det eg gjorde, gjekk og gjekk og gjekk....nærare 5 mil(!) i fjellheimen denne helga! Eg er ikkje så reint lite stolt over å ha gjennomført eit slikt extremt løp som dette (link til Vøringsfoss-race ligg i forrige innlegg...). Tre dalar opp og tre toppar å bestige på tre dagar.
For alle som bur vestover her som meg, så veit dei at både fredag og laurdag var det eit forferdeleg regn og unnskyld uttrykket; drittvêr... Men på tross av alt dette vêret så vandra me til fjells opp og opp og opp...(for det er eit motbakkeløp...). Det er vel ingen hemmelegheit at eg angra eit par gonger der oppe i stiv kuling med regnet piskande rundt øyro... Men når søndagen kom og sola stråla frå skyfri himmel var det berre herleg å få lov å ta turen til fjells att for tredje og siste løp.
Men det tek nokre dagar å kome til hektene att etter slike prestasjonar...så kjøkkendørene mine må nok vente til helga att, før eg pussar og maler dei igjen...
Og i kveld har eg baka rundstykker og no skal me kosa oss...
Kjem snart att..

5 kommentarer:

et kjært hjem sa...

Så flink du er! Kjekt at du fikk litt sol da :) Vakre bilder!

Rosa sa...

Eg e beint fram imponert! Litt av eit karstykkje, det løpet der...
Godt de fekk ein fin avslutning, då.

Og nybakte rundstykker høyrest himmelsk ut!

Nyt kvelden!

Jannicke sa...

Sprekingen!!

Må ha vært nyydelig i fjellet nå! Sikkert verdt alt strevet!

Klem J.

Hemmafruns hörna sa...

Vilken drömhelg! det finns inga bättre dagar än de då man vandrar i fjäll och på vidder. Härligt!

Patina-H sa...

So sprek du er då ! :) Eg nøyde meg med ein tur på søndagen, i finveret ;) Og tenk, snart helg igjen... :)