tysdag, september 08, 2009




Her er bilete frå eit prosjekt som saaakte tek form...Planen er å lage eit sengeteppe av alle desse hekla lappane. Idèen fekk eg frå eit interiørblad...(eg trur slike tepper er avbilda i fleire faktisk...) Men eg hugsar dessverre ikkje i kva for eit eg såg det i. Men men, eg synes ideen er kjempegod! Spesielt for oss litt utolmodige sjeler som helst skulle vore ferdig med noko i går....
Tanken var jo at eit slikt teppe skulle gå fort, men no har eg hamstra alle heklabrikkene på Fretex (skikkeleg dyrt faktisk, hrmf...), så no må eg leite i skuffer og skap hjå venner og kjente..hihi...eller meg sjølv..Så det tek visst litt tid likevel.
I dag fekk me ein uventa dag heime, vetla dokko vår hadde feber i natt, og var pjusk i dag tidleg. Stakkar liten sovna på sofaen...me håpar ho søv det av seg i løpet av dagen.
Men ein uventa fridag er jo gull verd! Så medan ho søv har eg teke for meg eit kjøkkenskap, vaska og malt. Håpar eg rekk andre strøket før middag...Skal ein bli ferdig må eg ta eitt og eitt skap. Så håpar eg at alt er klart til jul...haha! Bilder kan eg vise når eg er ferdig...
Ha ein fin dag!


7 kommentarer:

Hemmafruns hörna sa...

God ide! Jag har så många virkade dukar som jag aldrig använder... men eftersom jag känner damerna som virkat till mig kan jag ju liksom inte göra mig av med dem. Kanske det blir ett "teppe" av dem... God dag till er - trots febern,

Hemmafruns hörna sa...

God ide! Jag har så många virkade dukar som jag aldrig använder... men eftersom jag känner damerna som virkat till mig kan jag ju liksom inte göra mig av med dem. Kanske det blir ett "teppe" av dem... God dag till er - trots febern,

Jannicke sa...

Det blir nok et flott og fragerikt sengeteppe!
Kjenner meg GODT igjen når det gjelder tålmodighet!
Fin dag, og masse god bedring til jenten din! J.

linn sa...

Spanande og fargerikt prosjekt! Gler meg til å sjå resultatet, både teppet og skapene du maler. Du verkar å ha det så fint heime, verkeleg inspirerande :O)

*tirsdagsklemmar til deg*

Ingvild sa...

Det der var en veldig god ide... Gleder meg til å se det ferdige resultatet!
Ha en flott kveld.
Klem fra Ingvild

Marianne sa...

Det var veldig fine farger sammen! Tror det blir kjempefint til slutt =)Lykke til på jakten etter flere duker og brikker =)
Hilsen M

Rosa sa...

Såg eit slikt teppe i hekleboka eg fekk i posten for ei tid sidan - kjempestilig!

Du skal vel på loppemarknad om ein månads tid og hamstre litt då, kanskje? ;)

God betring til vetlatrulto!